Hordam@il nr. 24/2004
NYTTÅRSFEST PÅ HORDAHYTTA
Nyttårsfesten er festen som lagar seg sjølv, med pinnekjøt
og utsikt over mykje fyrverkeri. Detaljar finn du på:
http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#nyttårsfest
Hordalaget ønskjer medlemmer og andre ei god jul og eit godt
nytt år.
Hordam@il nr. 23/2004
SISTE MÅNDAGSTRIM
Måndag 13. des. er det siste måndagstrimmen. Trimmen varer
1645 - 1800. Eit par kvarter over seks går turen til Casa Mia
i Bjerregårdsgate 1.
Hordam@il nr. 22/2004
JULEAVSLUTNING I HORDARINGEN TORSDAG 9. DESEMBER KL. 19.00
Alle er med dette invitert til juleavslutning i Hordaringen førstkomande torsdag. Ta gjerne med nokon du kjenner. Det blir servert gløgg og peparkaker ved inngangen, og seinare på kvelden byr vi tradisjonen tru på julegraut (m/mandel) og kaffi/te og kaker. Undervegs blir det mykje dans til god musikk, og det blir som vanleg julesong-syngjing og loddsal med fine premiar.
Dette er ein kveld då det ofte stikk innom folk som ikkje så
ofte er i Hordaringen, så ta gjerne turen du og. Alix brukar å
leia dansen på ein slik måte at urøynde dansarar lett
kan kan vera med.
Hordam@il nr. 21/2004
JULEKONSERT
Fredag 10. des. kl. 2000 er det julekonsert i Fagerborg kyrkje med Iver Kleive, Thoralv Maurstad og Oslo Bach-kor. På programmet står Iver Kleives juleoratorium.
Påmelding til Toril Willoch på telefon 2214 8718 / 9974 3916 eller epost .... seinast måndag 6. des. Spesialpris hjå Toril er kr. 180.-.
Før konserten er dei som vil velkomne til TheÝBroker,ÝBogstadv.Ý27,ÝTlf.
22Ý93Ý04Ý80. Berit Rørvig er der frå kl. 18.00. Tlf Berit:
2225 6784 / 2224 6126.
Hordam@il nr. 20/2004
FOLKEMUSIKKKONSERT OG DANS
Laurdag 4. des kl. 1800 er det konsert og deretter dans på Musikkhøgskolen.
Det deltek både elevar og læarar i ypparste klasse, t.d. Jan
Beitohaugen Granli, Steinar Ofsdal, Håkon Høgemo og Camilla
Granlien. I tillegg kjem det besøk av studentar frå Ole Bull
akademiet og akademiet i Rauland. NRK P2 gjer opptak av konserten, så
her har du sjansen til å høyra deg sjølv klappa i radioen.
Billettar kr. 100/50.
PLATESLEPP
I kveld, onsdag 24. nov. kl. 2000 (konserten startar kl. 2100) er det plateslepp med brørne Einar Olav og Gjermund Larsen på Fabrikken, Nedregt. 7. Billettar kr. 100.
Einar Olav og Gjermund er mellom dei fremste unge folkemusikarane i dag. Mange av oss har dansa til spelet deira på NU-stemne då dei var nokre få år yngre og litt mindre kjende.
På konserten vert der overraskingar, tradisjonell fingermat frå
Verdalen, og alle får ein lottokupong som er fylt ut av ein verdaling.
Hordam@il nr. 19/2004
KONSERT OG GRATIS CD
I morgon onsdag 10. nov. kl. 2100 (dørene opnar kl. 2000) på Fabrikken har Majorstuen plateslepp. Inngang kr. 100.-. Fabrikken ligg på Grünerløkka, rett over elva frå Blå.
Den nye CDen heiter "Jorun Jogga". Majorstuen lovar at alle som stiller
i joggedress og joggesko på konserten, får ein gratis CD så
langt lageret rekk.
LEIKFEST I BUL
Laurdag 20. nov. kl. 1900 er det leikfest i BUL. Påmeldingsfrist
er 14. nov.
http://www.bul.no/Leikarringen/
Hordam@il nr. 18/2004
SMALAHOVEFEST
No er det på høg tid å melda seg på til hausten
sitt store høgdepunkt: smalahovefesten. Fristen er onsdag
3. nov. Detaljar finn du på:
http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#smalahovefest
Hordam@il nr. 17/2004
KONSERT MED OSLO POSTORKESTER
Laurdag 16. okt. kl. 1900 held Oslo Postorkester konsert i Sagene Festivitetshus
i Holstsgate 3 på Torshov. Dei spelar kjende og kjære
musikkstykke. Kjenningsmelodien Postman Pat er obligatorisk. Servering.
Inngang kr. 50.-.
OSLOKAPPLEIKEN
Laurdag 23. okt. er det Oslokappleik i Nordahl Brunsgt 22. Kappleiksfesten
er i Sagene Festivitetshus i Holstsgate 3 på Torshov kl. 2000.
HAUSTDANS (SWING)
Laurdag 30. okt. kl. 2000 er det haustdans i Arbeideren på Hokksund. Fryd og Gammen spelar. Inngang kr. 150.-. Hit skal det garantert masse swingfolk.
http://www.eikerdans.com
SMALAHOVEFESTEN
går av stabelen 13. nov. men det er på tide å setja av kvelden alt no, om du ikkje har gjort det.
http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#smalahovefest
Hordam@il nr. 16/2004
KULTURONSDAG: MOZARTS REKVIEM
Onsdag 20. oktober kl. 1930 held Oslo Bach-kor konsert i Oslo Domkirke. Billettar til spesialpris kr. 180.- (normalpris er kr. 220.-) får du hjå Toril Willoch på øving i Hordaringen torsdag 14. okt, eller ved å ringja henne på telefon 2214 8718, mobil 997 43 916 eller epost .... Gje beskjed til Toril innan måndag 11. okt. om du ønskjer billett til spesialpris.
Dei som vil ha ein matbit på førehand møtest på Stortorget gjestgiveri. Berit Rørvig er der frå kl. 1700. Avmarsj til Domkyrkja seinast kl. 1850, for det er venta rift om plassane.
Er du heldig, finn du meir informasjon på veven:
http://www.oslobachkor.no/
VESTLANDSSPRINGARKURSET
til Hordaringen kommande helg er omtrent fullt, men det kan pressast
inn nokre få personar til. Det er og høve til å
komma på festen på laurdagen.
http://www.hordaringen.no/
HAUSTFEST I RUNDSNUEN
Laurdag 9. okt. kl. 1800 er det haustfest i Rundsnuen med musikk av Nordafjells og 28 kakesortar. Påmeldingsliste går rundt i Hordaringen eller du kan melda deg på direkte til Rundsnuen. Festane deira er ofte fulle, så det kan vera lurt å melda seg på i tide.
Er du heldig krasjar ikkje nettlesaren når du går inn på:
http://www.folkedans.com/rundsnuen/
Hordam@il nr. 15/2004
KRABBEFEST PÅ HORDAHYTTA
Vi minner om krabbefesten på Hordahytta kommande laurdag, 18. sept.
http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#Krabbefest
Petter har ikkje sagt noko om påmeldingsfrist, men den brukar
å vera torsdagen før krabbefesten.
Hordam@il nr. 14/2004
PÅMELIDING TIL HAUSTTUREN
Påmeldingfristen er sett til torsdag 2/9 for vekesturen og torsdag 9/9 for helgeturen. Det vert lagt ut påmeldingsskjema i Hordaringen desse torsdagane. Påmeling kan òg gjerast:
- til ... tlf. 915 94 247 for helgeturen
- til ... tlf. 22148718 for vekesturen.
For vekesturen gjeld det at det må vera minst fire deltakarar for at turen skal gjennomførast.
Sjå ellers info: http://www.hordaringen.no/Hausttur2004.doc
Velkommen til hausttur!
MÅNDAGSTRIMMEN
Måndagstrimmen har starta opp att på Oslo Katedralskole,
måndagar 1645 - 1800. Vi har plass til deg òg, så
ta deg ein tur.
HORDARINGEN
Hordaringen har starta opp att for sesongen. Dansen går i Storsalen Nordahl Brunsgt 22 tordagar 1930 - 2200. I løpet av hausten få vi m.a. læra Finnskogpols.
Hordaringen sitt nybyrjarkurs i gammaldans startar torsdag 9. sept. kl. 1900.
Helgekurset i Vestlandsspringar finn stad helga 1. - 3. okt. Det er alt mange påmelde og påmeldingsfristen går snart ut.
Meir opplysningar om kursa og andre aktivitetar i Hordaringen finn du på:
http://www.hordaringen.no
HORDAHYTTA / SINOBERDAGEN
Til helga er det ein god anledning til å dra på Hordahytta
og kombinera det med ein tur bort til Sinober på søndag.
Der er det Sinoberdag med dansemusikk, husflid, dyr og aktivitetar for
born.
Hordam@il nr. 13/2004
HAUSTTUR
Hordalaget sin hausttur går i år til Hardangervidda.
Du kan velgja mellom ei heil veke (måndag 6. - søndag 12.
september) eller ei helg (fredag 10. - søndag 12. september).
Sjå vedlegg.
Hordam@il nr. 12/2004
BLÅTUR OG GRILLFEST
Hordaringen har blåtur til Håløygheimen torsdag 17. juni og grillfest på Brandbu helga 19. - 20. juni.
http://www.hordaringen.no/
BYFEST I LILLESTRØM
17. - 19. juni er det byfest på Lillestrøm med mange kjende namn på programmet. Fredag kveld kl. 2100 - 2400 kan du t.d. dansa til Ole Ivars.
Kanskje finn du meir på: http://www.byfest.no/
Og alt er gratis.
Hordam@il nr. 11/2004
KANOTUR
Kanoturen i år går til Krøderen helga 18. - 20. juni. Detaljar i vedlagde dokument.
Merk påmeldingsfrist torsdag 10. juni. Påmelding til
Arnfinn Skagestad eller Jarle Skaathun.
SOMMARAVSLUTNING I H0RDARINGEN
Torsdag 10. juni kl. 1900 er det sommaravslutning i Hordaringen i NB 22. Ta gjerne med nokon du kjenner.
Torsdag 17. juni er det blåtur.
http://www.hordaringen.no
BYGDØYSTEMNET
Søndag 13. juni er det tradisjonelt Bygdøystemne.
Hordaringen dansar kl. 1600 i Setesdalstunet.
http://www.bls.no/bygdelagsstemne_2004.htm
BILETE
Dei som kjenner Gerd Borgen, kan finna bilete frå brudlaupet hennar
på:
http://www.home.no/dolphina/bryllup.htm
Hordam@il nr. 10/2004
DUGNAD OG OPNING AV DANSEPLATTING
Laurdag 5. juni er der først dugnad og sidan grilling og opning
av danseplattingen. Detaljar:
http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#dugnaden
På veg til Hordahytta gjennom Oslo kan du få med deg litt
av musikkens dag, t.d. folkemusikk på Egertorget:
http://www.musikkensdag.no/
KANOTUREN
går helga 18. - 20. juni. Meir informasjon kjem i neste
Hordam@il. Vert det kanskje Telemarkskanalen i år?
Hordam@il nr. 09/2004
FLYDAG PÅ KJELLER LAURDAG 15. MAI
<http://www.hangar.no/index.php/article/articleview/3375/1/0>http://www.hangar.no/index.php/article/articleview/3375/1/0
Oppvisninga startar kl. 1300, men vil du sjå på flya som
skal ha oppvisning, bør du vera der i god tid før 1200.
Her vert det moro for born frå 0 - 100 kg.
EKSAMENSKONSERT I NORSK FOLKELEG DANS
Søndag 16. mai kl. 1600 på Hersleb skole i Herslebs gate
20. Gratis inngang. 20 studentar dansar ca. ein time.
17. MAI I NORDAHL BRUNS GT. 22
17. Mai kl. 2004 - 2300 er det dans i NB 22. De frilynde spelar.
Og før den tid brukar det å vera brusteinsball på
Universitetsplassen kl. 1814 - 2004.
TRIMAVSLUTNING
Måndag 24. mai er det trimavslutning for våren, 1645 - 1800
på Oslo Katedralskole. Etterpå er det pizza.
HORDAKALENDAR VIDARE
- Opning av danseplattingen på Hordahytta 5. juni.
- Dugnad på hytta 4. - 5. juni
- Kanotur 18. - 20. juni er under planlegging
- Sommaravslutning i Hordaringen 10. juni, og tur til Håløygheimen
17. juni.
Hordam@il nr. 08/2004
KONSERT
Tilbod frå Toril Willoch: Onsdag 28. april kl. 1930 i Oslo Domkirke vil Oslo Bach-kor framføra Messe i H-moll av Johann Sebastian Bach. Toril tilbyr billettar til kr. 200.- (normalpris er kr. 250.-). Ho må ha bestillinga seinast tysdag 21.4 på epost ... eller telefon 22148718 / 99743916.
Før konserten kan folk møtast på Stortorget Gjestgiveri frå kl. 1730. Ein bør vera tidleg ute (senast kl. 1900) for å få god plass i kyrkja.
Ho kan og skaffa billettar til same konserten i Helgerud kirke tysdag
27.4.
Hordam@il nr. 07/2004
PÅSKEAVSLUTNING FOR MÅNDAGSTRIMMEN
Måndag 29. mars er det trim på Oslo Katedralskole kl. 1645
Etter trimmen møtest trimmarar og andre som har lyst kl. 1830
på Casa Mia i Bjerregårdsgate til middag.
Etter middagen går turen til folkemusikkpuben i kjellaren ("Prøverøret")
på Bør og Børson i Trondheimsveien 13, der det er konsert
med Ragnhild Furebotten kl 2030. Inngang kr. 50.-
PÅSKEAVSLUTNING I HORDARINGEN
Torsdag 1. april kl. 1900 er det påskeavslutning i Hordaringen
med mykje dans og god mat.
Hordam@il nr. 06/2004
SKIFYKING OG KOMLEFEST PÅ HORDAHYTTA
Helga 13. - 14. mars er det tradisjonell komlefest og skifyking på
Hordahytta. Hopplengdene vert målte i desimeter og ropt opp
utan desi. Påmelding til Petter Mohn innan onsdag 10. mars.
http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#komlefest
HYTTETUR TIL HAGLEBU
Helga 19. - 21. mars vert det felles hyttetur for Hordalaget og Hordaringen. Turen går til Nordmørshytta på Haglebu øverst i Eggedal. Hytta har god standard med straum og innlagt vatn. Det vert moglegheit for skigåing på dagen både laurdag og søndag, og om kveldane vert det sosialt samvær med mat, song, spel og dans. Me satsar på å køyra privatbilar til og frå. Påmelding så snart som råd til: >
Arnfinn Skagestad
tlf. 22272297 / 91594247
...
BUESTRØK FOR AFGHANISTAN
Norske folkemusikarar held konsert til inntekt for musikkinstrument
for afghanske folkemusikarar.
Tysdag 2. mars kl. 2000, Lindemannsalen på Norges Musikkhøgskole.
http://www.nmh.no/Nyheter/1078126346.03
KONSERT I EIVIND GROVENS ORGELHUS
Laurdag 6. mars kl. 1400 er det folkemusikkonsert i Ekebergveien 59 (inngang Røhrtsvei 2).
Samspelgruppa "Huldraleiken"', solistene Bernt Balchen, Tore Bolstad,
Knut Trøen, Niels Røine, Kjell Chr. Midtgaard (hardingfeler),
Reidar Skjelkvåle (vanlig fele), Eiliv Groven Myhren (slått
på reinstemt orgel i gammel skala), Dagne Groven Myhren
(trall og vise), Magne Myhren presenterer spelemennene.
Hordam@il nr. 05/2004
NY LEIAR I HORDALAGET
Sigurd Gjerde vart vald til ny leiar på årsmøtet
i Hordalaget. Arild fortset i styret. Vi seier takk til Arild
for dei åra han har leia laget, og ønskjer Sigurd lukke til
som ny leiar.
KONSERT OG CD-SLEPP MED STREIF
Streif er ei spennande gruppe og ein godt bevart løyndom i norsk folkemusikk. Musikararne er kjende frå andre grupper som Vamp, Magnolia Jazzband, Odeon, Gjertruds Sigøynerorkester og Ophelia Ragtime Orchestra.
Konserten er fredag 13. feb. kl. 2100 på konsertbåten M/S Innvik som ligg i Bjørvika ved Havnelageret. Gå over den blå gangbrua ved Tollboden. Open kafe før og etter konserten.
http://www.streifnett.no/
DANS MED DALAKOPA
Var du ein av dei 40 som vart ståande på Rundsnuen si venteliste
for ein månad sidan? No kan du igjen dansa til Dalakopa.
Dei spelar i Samfunnssalen, Kjenn Skole, Lørenskog laurdag 14. februar
kl. 19.00. Kjenn Skole ligg like ved motorvegen (Rv 159), på
andre sida i høve til Metro-senteret.
TIPS
Har du lyst på Vestlandsfanden si siste plate Hokahey til kr.
54 (70% avslag)? Du finn den i andre etasje på eit rotebord
i Free Record Shop på Egertorget så lenge salet varer.
Hordam@il nr. 04/2004
VESTLANDSFANDEN
spelar på Roots på Strømmen fredag 30. jan.
TORADARTREFF
Fredag 6. feb. kl. 1900 er det toradartreff på Kjenn skole på Lørenskog (rett over motorvegen frå Metro).
<http://www.trekkspill.no/arrangementer/Kjenn2004.jpg>http://www.trekkspill.no/arrangementer/Kjenn2004.jpg
TIPS OM ANTIVIRUS OG LIKNANDE
Sist veke fekk ein del av oss epost med virusvedlegg og med forfalska avsendaradresser som i fleire tilfelle var folk vi veit kven er, men aldri har hatt epostkontakt med.Ý Sidan det er eit nytt viruset som er i ferd med å spreia seg i stor fart i dag, sender eg ut dette tipset. Alle treng antivirusprogram, og det må heile tida vera oppdatert.Ý Berre automatisk oppdatering duger. I tillegg bør ein ha både brannmur og vern mot snokeprogram. Alt dette er kvar einskild sitt eige ansvar, men her er nokre tips som kan vera nyttige:
Gratis brannmur: ZoneAlarm
<http://www.zonelabs.com/store/content/company/products/znalm/freeDownload.jsp>http://www.zonelabs.com/store/content/company/products/znalm/freeDownload.jsp
Gratis antisnokeprogram: AdAware
<http://www.lavasoft.de/>http://www.lavasoft.de/
Gratis antivirus: Avast
<http://www.asw.cz/index.html>http://www.asw.cz/index.html
I tillegg finst det diverse andre gratisprodukt og mange betalingsprodukt.Ý Ofte har produsentane av gratisprodukta betalingsprodukt som gjev meir. Tykkjer du det er tungt å lesa engelsk, så har ein del av programma meny for språkval eller ein språkpakke som du kan lasta ned.
Eit par nyttige artiklar i Dagbladet i dag:
<http://www.dagbladet.no/dinside/2004/01/27/389421.html>http://www.dagbladet.no/dinside/2004/01/27/389421.html
<http://www.dagbladet.no/dinside/2003/08/21/376521.html>http://www.dagbladet.no/dinside/2003/08/21/376521.html
Slik eg ser det, er det ingen grunn til panikk, men til å vera
på vakt og syta for å ha eit oppdatert vern.Ý Slurvar ein med
det, kan det fort verta problem.
NETTJUVELAR
Hjå digi.no finn du tips om utvalde gode program som er verd å
ta ein titt på:
<http://www.digi.no/nettjuveler/>http://www.digi.no/nettjuveler/
Hordam@il nr. 03/2004
TEATER: BIKUBESONG
Berit har vor så heldig å få fatt i 20 billettar til
dette populære og utselde stykket av Frode Grytten. Det handlar
om livet i eit murhus i Odda. Dato: onsdag 21 april. Pris:
kr 200.-. Det kom raskt ti personar på påmeldingslista
då ho vart lagd ut i Hordaringen i går kveld, og nokre til
er interesserte, så nøler du med å melda deg på,
kan det fort verta for seint. Påmelding til Berit Rørvig: ... innan 29. jan.
KURSHELG I HORDARINGEN
Helga 6. - 8. feb. har Hordaringen kurshelg med vestlandsspringar og
engelske kontradansar som tema.
Sjå meir informasjon på www.hordaringen.no.
FLY FOR KR. 148
No kan du igjen fly for kr. 148.- ein veg med Norwegian: http://www.norwegian.no.
Hordam@il nr. 02/2004
PLANLEGGINGSMØTET
... er kl 1700 i morgon, torsdag 8. jan. i NB 22, slik at det skal vera
høveleg tid til planlegging og PIZZA før Hordaringen.
Beklagar at eg gløymde tidspunktet i tidlegare Hoirdam@il.
HORDARINGEN
startar opp i morgon, torsdag 8. jan.
Hordam@il nr. 01/2004
PLANLEGGINGSMØTE
Vi minner om planleggingsmøtet torsdag 8. jan. i Nordahl Brunsgate
22. Vi ber alle nemndene om å ha klar forslag til aktivitetskalendar
for året 2004. Det må møte minimum 1 person frå
kvar nemnd, men helst heile nemnda pluss andre som er interesserte i å
vera med og skapa aktivitet i laget.
MÅNDAGSTRIMMEN
har starta opp att på Oslo Katedralskole, måndagar kl 1645
- 1800.
NYTTÅRSFEST I RUNDSNUEN
Rundsnuen har tradisjonell nyttårsfest laurdag 10. jan kl 1830 - 2400. Dalakopa spelar.
http://www.folkedans.com/rundsnuen/
TEATERBESØK: BIKUBESONG
Berit har vore så heldig å få fatt i billettar til
den populære og lenge utselde forestillinga Bikubesong onsdag 21.
april. Meir informasjon kjem snart.
NYTTÅRSKONSERT
Gerd melder om nyttårskonserten med Kongsberg Byorkester med leikarring
og berggesellar som gjester:
Stad: Kongsberg kino. Tid: Søndag 11. januar Kl. 14.00