Hordam@il-arkiv 2007









Hordam@il nr. 12/2007

ADVENTMIDDAG
 
Måndag 17. des. kl. 17 er vi ein gjeng frå Hordalaget som har avtalt å gå ut og eta. Vi har tenkt oss på Olympen, Grønlandsleiret 15. Dette er gamle ”Lompa” som tidlegare var ein av dei brunaste restaurantane i Oslo, men som no er nyrenovert og har fått god kritikk. Eg har førebels ikkje fått bekrefta noko bordbestilling, då dei enno ikkje har teke telefonen, men reknar med at det ikkje er noko stor problem å få bord så tidleg på kvelden.
 
Har du lyst å bli med, så send meg ein epost, eller ring meg på 48 20 20 58.


Hordam@il nr. 11/2007

JULEAVSLUTNING I HORDARINGEN
 
I morgon, torsdag 13. des. kl. 1900 er det juleavslutning i Hordaringen i Storsalen, Nordahl Brunsgate 22:
http://www.hordaringen.no/aktuelt.htm
 
Både medlemmer og andre er velkomne. I tillegg til gløgg, julegraut, kaffi/te og kaker vert det mykje dans. Dansen vert leia slik at det er lett å våga seg med sjølv om du ikkje kan alt frå før.


Hordam@il nr. 10/2007

SMALAHOVEFEST
 
Laurdag 17. nov. er det tradisjonell smalahovefest på Hordahytta:
http://www.hordalaget.no/hytta/smalahove.htm
 
Påmelding innan torsdag 9. nov. til Petter Mohn på ...@...


Hordam@il nr. 09/2007

KULTURLAURDAG : ARJA SAIJONMAA
 
Berit Rørvig har tinga 10 billettar til denne konserten laurdag 13. okt. kl. 1930 i Bærum Kulturhus i Sandvika:
http://www.kulturbaerum.no/monthview.php?mode=event&eid=20070731092325912
Berit må ha påmelding snarast, anten i dag kl 1530, på epost Berit.Rorvig@dss.dep.no  tlf. arbeid: 22 24 08 52
eller før kl 1100 i morgon: tlf. privat: 22 25 67 48
Billettpris kr 290.
 
 
NYBYRJARKURS I HORDARINGEN
 
Torsdag 4. oktober startar nyttt nybyrjarkurs i Hordaringen
http://www.hordaringen.no/kurs.htm


Hordam@il nr. 08/2007

FOLKEKULTURFESTIVALEN
 
Kommande helg vert Folkekulturfestivalen skipa til i Oslo. Fredag kl 1900 er det bygdedansfest i tre salar i Nordahl Brunsgate 22 og stildansball på Grand Hotell. Laurdag er det fleire dansekurs, jonsokfest i Det Norske Teatret og mykje meir.
http://www.folkekulturfestivalen.no/program.htm
 
Samstundes er det Norsk Amatørteaterfestival og årsmøte i Noregs Ungdomslag.


Hordam@il nr. 07/2007

BLÅTUR TIL HÅLØYGHEIMEN
 
I morgon, torsdag 14. juni kl 1800, har Hordaringen blåtur til Håløygheimen ved Lyseren i Enebakk. Det vert grilling og utedans, med Håløyghytta i reserve. Ta med grillmat, kaffimat og musikkinstrument om du har, og bli med. Treng du meir informasjon så ring Liv på 97 60 22 94. Ho har tinga fint vêr.
 
 
BYFEST I LILLESTRØM
 
Til helga er det byfest i Lillestrøm. Dei reknar med over 100 000 besøkjande. Det aller meste er gratis, og det er musikk, til dels dansbar, frå fleire scener. På programmet står m.a. Reidar Larsen (fredag) og Ole Ivars (laurdag).
http://www.byfest.no/index.html


Hordam@il nr. 06/2007

UTEDANS OG DUGNAD PÅ HORDAHYTTA
 
Kommande helg er det dans og dugnad på Hordahytta. Laurdag 9. juni er det grilling, tradisjonell opning av danseplattingen og utedans til enten hermetisk eller levande musikk (ta med instrument då vel). Ta med grillmat og litt frukostmat til sundag morgon.
 
Det går like fint å komma fredag som laurdag, og vi set pris på om flest mogleg vert med på dugnaden som startar fredag og har den store fellesinnsatsen laurdag føremiddag. Detaljar finn du på:
http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#dugnaden