Hordam@il-arkiv 2010









Hordam@il nr. 19/2010

JULEAVSLUTNING I HORDARINGEN
 
Torsdag 9. des. kl. 1900 er det juleavslutning i Hordaringen i Storsalen, Nordahl Brunsgt. 22.
 
Dansen er lagt opp slik at det er lett å vera med sjølv om du ikkje har vore aktiv på ei stund eller om du har lite røynsle. Kursdeltakarar, både frå tidlegare og frå no i haust, er særskilt velkomne.
 
Elles er det tradisjonelt opplegg med mat og drikke. Inngang kr 50, og det er ikkje loddsal.

 
Hordam@il nr. 18/2010

FØRJULSKONSERT OG DANS PÅ MUSIKKHØGSKOLEN
 
Laurdag 4. des. kl. 1900 i Levinsalen har folkemusikkstudentar og –lærarar konsert med dans etterpå. Inngang 50/100.
 
Musikkhøgskole ligg på Majorstovo.
http://www.nmh.no/Konserter/forjulskonsert_og_dans
 
 
SØNDAGSDANS OG MINIKURS I FINNSKOGPOLS 5. DES.
 
http://bls.ungdomslag.no/index.php?sideid=206&meny=2&submeny=1
 
 
JULEKONSERT: HÄNDELS MESSIAS  – TILBOD FRÅ TORIL
 
Onsdag 8. des. kl 1930 i Fagerborg kirke i Oslo framfører Oslo Bach-kor med dirigent Ivar Kleive Händels Messias.
http://www.oslobachkor.no/
 
Medlemmer av Hordalaget/Hordaringen/Hordam@il-lesarar med vener og familie får rabatt ved kjøp av billett gjennom Toril Willoch.
 
Pris kr. 200 (normalpris kr. 250). Bestilling på epost til: ...@... eller telefon 22148718 mobil 99743916, seinast søndag 5. des. Møt opp i god tid før konserten (innan kl. 1900) då det brukar å verta fullt. Dørene opnar 1830.
 
Om folk har tenkt seg ut og eta på førehand, er uvisst, men kanskje Toril veit noko?

 
Hordam@il nr. 17/2010

KURS I RØROSPOLS
 
Hordaringen startar kurs i Rørospols torsdag 11. nov. i Storsalen, Nordahl Brunsgate 22, kl 19 – 20. Kursdeltakarane er velkomne til å fortsetja på øvinga i Hordaringen kl 20.
http://www.hordaringen.no/kurs.htm
 
 
OSLOKAPPLEIK, KONSERTAR OG DANS
 
I år vert Oslokappleiken på Riksscena. Fredag 12. nov. er det konsert og bygdedans. Laurdag 13. nov. er det seminar, kappleik, konsertar og meir dans.
http://www.lagetforfolkemusikk.org/content/blogcategory/13/32/
 
http://www.riksscenen.no/12-november-bakkjens-basar.4837413-95415.html
 
http://www.riksscenen.no/13-november-konsert-kappleik-og-dansefest.4838945-157243.html

 
Hordam@il nr. 16/2010

SMALAHOVEFEST
 
Laurdag 20. nov er det smalahovefest på Hordahytta: http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#smalahovefest
 
Pris 175/200. Påmelding til Petter Mohn innan fredag 12. nov. på ...@... eller 21 30 42 85 / 958 87 138
 
Ta med poteter, kålrot, drikke, frukostmat og godt humør.

 
Hordam@il nr. 15/2010

FORSKNINGSTORGET
 
I morgon fredag (9 – 16) og laurdag (10 – 17) vert Forskningstorget arrangert på Universitetsplassen i Oslo sentrum. Her er det spennande ting og moro for born i alle aldrar, og like mykje for vaksne.
 
Meir informasjon finn du på: http://www.forskningstorget.com/. Du finn heilt sikkert noko som interesserer deg.

 
Hordam@il nr. 14/2010

HORDAHYTTA TIL HELGA
 
Kari har sendt meg melding om at ho og familien har tenkt seg på Hordahytta denne helga. Ho oppfordrar andre til å verta med og oppfordrar folk til å ta eit lite tak med ting som bør gjerast på hytta. Ta gjerne kontakt med Kari eller Petter.
 
Informasjon om påmelding til krabbefesten på laurdag finn de her:
http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#Krabbefest


Hordam@il nr. 13/2010

KRABBEFEST
 
Kommande laurdag 18. sep. er det krabbefest på Hordahytta:
http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#Krabbefest
 
Påmelding til Petter seinast fredag 17. sep. på telefon 21  30 42 85 eller 958 87 138, eller på epost til pejoha-m@online.no.
 
 
NYBYRJARKURS I HORDARINGEN
 
Torsdag 23. sep. kl. 1900 startar Hordaringen sitt nybyrjarkurs i gammaldans i Storsalen, Nordahl Brunsgate 22:
http://www.hordaringen.no/kurs.htm
 
Mot slutten av kurset dansar kursdeltakarane eit par timar saman med Hordaringen, noko som gjer det lettare å få dansen godt til.

 
Hordam@il nr. 12/2010

HORDARINGEN STARTAR OPP ATT
 
I morgon, torsdag 26. august 1930 i Storsalen, Nordahl Bruns gate 22, startar Hordaringen opp att. Denne første kvelden er ein open kveld, slik at det skal vera lett å komma med og verta litt kjend med andre. Alix Cordray er instruktør.
 
Nybyrjarkurs startar 23. september, og polskurs startar 11. november.

 
Hordam@il nr. 11/2010

HORDARINGEN HAR BLÅTUR TIL HÅLØYGHEIMEN
 
Torsdag 17. juni har Hordaringen blåtur til Håløygheimen ved Lyseren i Enebakk. Grilling, bading og dans står på programmet. Påmelding:
http://www.hordaringen.no/2010_Blaatur.pdf
 
 
EKSAMENSKONSERTAR I FOKEMUSIKK PÅ MUSIKKHØGSKOLEN
 
I dag og i morgon er det eksamenskonsertar i folkemusikk på Musikkhøgskolen som ligg på Majorstovo like ved det nye slottet til Hans Majestet Grisen.
 
I dag, andre års studentar:
-          1630 Elise Wessel Hildrum, fløyter
-          1800 Ingvild Blæsterdalen , fele/hardingfele
-          2000 Jo Einar Sterten Jansen, fele/hardingfele
 
I morgon, masterkonsertar:
-          1700 Marie Forr Klåpbakken, fele
-          1900 Mari Skeie Ljones, fele
 
 
DATATIPS: OPPDATER ADOBE FLASH PLAYER
 
Det er funne eit kritisk tryggleikshol i Adobe Flash Player. Programmet bør oppdaterast til versjon 10.1 snarast råd, ellers kan andre i verste fall kunna ta kontroll over maskinen din. På denne sida ser du kva versjon du sjølv har og kva som er siste versjonen for ditt operativsystem:
http://www.adobe.com/software/flash/about/
 
Den nye versjonen av Adobe Flash Player finn du her:
http://get.adobe.com/flashplayer/
 
29. juni kjem det ny versjon av Adobe Reader som det og er viktig å installera.
http://www.adobe.com/support/security/advisories/apsa10-01.html

 
Hordam@il nr. 10/2010

BYGDELAGSSTEMNET
 
Søndag 6. juni  er det tradisjonelt bygdelagsstemne på Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Hordaringen dansar i Numedalstunet 1530 – 1600.
http://www.bls.no/index.php?pubid=7
 
 
OPNING AV DASEPLATTING OG DUGNAD PÅ HORDAHYTTA
 
Laurdag 12. juni er det opning av danseplattingen på Hordahytta.
 
Frå føremiddagen og utover er det dugnad. Det er ein del som bør gjerast, så hyttestyret set pris på om akkurat du kjem og vert med.
 
Ta med grillmat og frukostmat.
http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#dugnaden

 
Hordam@il nr. 09/2010

FLYDAG PÅ KJELLER
 
Kommande søndag, 30. mai, er det flydag på Kjeller  1000 – 1700. Her er det moro for små og store gutar mellom 0 og 100, og sikkert like moro for jentene. Det er rundflyging for dei som vil opp i lufta, og visstnok høve til å prøva F-16 simulator. Det er flyoppvisning 1200 – 1600, med m.a. Mustang, Spitfire og F-16. For born som vil prøva å sitja i førarsetet på eit jagarfly (på bakken altså), er det sikkert minst kø tidleg på dagen, men elles er det frå kl 1200 at det skjer mest. Inngang og flyoppvisning er gratis.
http://www.flydagen.no/

 
Hordam@il nr. 08/2010

SIGBJØRN BERNHOFT OSA – EIT SPELEMANNSPORTRETT I HØVE 100-ÅRSMINNET - KONSERT
 
Laurdag 8. mai kl 1800 er det konsert på Norges musikkhøgskole på Majorstovo:
http://www.nmh.no/Konserter/sigbjorn_bernhoft_osa-eit_hundrearsminne

 
Hordam@il nr. 07/2010

KVEN VEIT
 
Hordalaget var nummer 2 i Kven veit 2010: http://ungdomslag.no/dokument/poeng_senior_sluttresultat.pdf

 
Hordam@il nr. 06/2010

KULTURONSDAG: Norsk Kammeropera
 
Onsdag 21. april er det Mat & Musikk a la Carte i hyggeleg miljø på Kafe Frølich, Henrik Ibsens gate 60 A. Det vert framført iøyrefallande ”rettar”, til dels med regi og kostyme. Alt frå viser og romanser til musicalar, operette og opera vert framført av kunstnarar frå Norsk Kammeropera. Inngangspengar kr 200 (hønnør 150, studentar 100) som inkluderer eit glas Cava eller vin for dei som et. Undehaldninga startar kl 2000.
 
Berit organiserer obligatorisk påmelding til arrangementet og bordbestilling til middag kl 1800 (Berit vil bekrefta nøyaktig tid). Påmeldingsfristen er torsdag 15. april. Kontakt Berit på telefon 22 25 67 48 (p) eller epost berit.rorvig@dss.dep.no

 
Hordam@il nr. 05/2010

KURS I VESTLANDSSPRINGAR
 
Sogn- og Fjordaneringen har kurs i Vestlandsspringar i Nordahl Brunsgate 22 laurdag 20. mars kl 11 – 16. Pris: Kr 400 for ikkje-medlemmer (kr 250 for medlemmer). Instruktørar er Dagfinn Aa og Marit Haug Loen.
 
Påmelding til Randi Solheim på telefon 900 47 404 eller epost rksol@start.no. Påmelingsfrist er fredag 19. mars.

 
Hordam@il nr. 04/2010

SKIFYKING OG KOMLEFEST PÅ HORDAHYTTA
 
No til helga, laurdag 6. mars og søndag 7. mars er det komlefest og skifykning på Hordahytta. I skifykinga brukar ein å måla lengdene i desimeter og ropa dei ut utan desi. Detaljar finn du på Hordhytta si heimeside:
http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#komlefest

 
Hordam@il nr. 03/2010

MARKENSKAPPLEIKEN PÅ KONGSBERG
 
Til helga er det markenskappleik på Kongsberg.
http://www.kongsberg-spelogdans.no/Markenskappleiken09.htm
 
Eg veit ikkje sikkert om du ser kjensfolk som tevlar på scena på laurdag, med du møter sikkert kjende i salen.
 
 
ISLEIK
 
Nokre frå Hordaringen skal på Isleik på Island til sommaren.
http://www.ungdomslag.no/index.php?meny=0&artikkelid=1037
 
Påmeldingsfristen er 1. mars. Ta kontakt med Alix i Hordaringen om du er interessert.

 
Hordam@il nr. 02/2010

FOLKEMUSIKK PÅ BY:LARM I HELGA
 
http://www.riksscenen.no/bylarm-programmet-er-klart.4721601-95416.html
 
 
MINIKURS I POLSKA PÅ FOLKEDANSKVELDEN PÅ SØNDAG
 
Søndag 21. feb. er det minikurs i Bodapolska og Bingsjøpolska kl 1800 før folkedanskvelden kl. 1930 i Nordahl Brunsgate 22.
http://bls.ungdomslag.no/index.php?sideid=206&meny=2&submeny=1

 
Hordam@il nr. 01/2010

TORADERTREFF PÅ KJENN SKOLE
 
Kommande fredag, 12. feb. kl. 1900 er det toradartreff på Kjenn skole på Lørenskog. Mange orkester skal spela, m.a. Belgfrukt (Edvin, Stein, Alix og Bjørn). Kjenn skole er lett tilgjengeleg med buss og bil – den ligg rett over motorvegen frå Metro-senteret. Kart finn du ved å søkja på www.1881.no.
 
 
BRA MED FOLK PÅ SØNDAGSDANSEN I NORDAHL BRUNSGATE 22
 
Ryktet seier at det er bra med folk på folkedanskveldane kvar søndag i Nordahl Brunsgate 22 no etter nyttår. Dansen startar kl. 1930. Før dansen er det minikurs med varierande tema 1800 – 1930. Program med musikk og tema for minikurs finn du her: http://bls.ungdomslag.no/index.php?sideid=206&meny=2&submeny=1