Tog     Bilete    Arrangement     Hyttereglar     Medlemsskap       Hordalaget

 

Det er 
Hordalaget i Oslo
som eig og driv
Hordahytta

og  medlemene brukar ho.

Ikkje-medlemer er hjarteleg velkomne,
og kan leige hytta ved spesielle høve.

 


 


Om lag slik ser det ut kring hytta no.
Og når årstidene vekslar, blir det slik ...

Hytta ligg i Lillomarka, 430 m.o.h., nokre kilometer sør for Sinober, litt sør for Kjelsåshytta, like vest for den vakre, mellomstore myra Holåsmåsan  mellom Vennervann og Kringler. Kortaste tilgjenge er å gå dei ca. 3,5 km. på vegen og stigen frå Snippen stasjon. Turen tek ein time eller litt meir, for nokre av bakkane er heller bratte - etter austlandsk målestokk: Hytta ligg 180 m. høgare enn Snippen.  (Sjå kart.)


Utsyn

Opp til ca 35 personar kan overnatte, 4 i køysenger på kammerset, resten på flatseng på to store hemsar. Ta med sovepose. (Sjå fleire bilete og meir informasjon om hytta.) 

Pris:  Overnatting: Medlemer 50,-  Ikkje-medlemer 70,-   Born 20,-  Dagsvitjing (til ca. kl. 18.00)  gratis

Kontonummer: 1503 8233731

Medlemene kan bruke hytta fritt når dei vil. Ofte finn ein hytta tom, men av og til treffer
hyttegjester andre medlemer på tur. Og 5 tradisjonelle gonger i året organiserer vi samværet:





Planlagte fellesarrangement på hytta:

  2025:
8. -9.  mars : Skifyking og kumlefest 
Detaljar
24.-25. mai: Dugnad
Detaljar
13.  september: Haustfest 
Detaljar
18.  oktober:
Smalahovefest    
  
Detaljar
31. desember:
Nyttårsfest 
Detaljar 
   2026:
7. -8.  mars : Vinterfest  Detaljar


Ynskjer du å delta i eitt av desse arrangementa, eller lurer du på noko som gjeld hytta,
så send gjerne nokre ord til pejoha-m på online.no.

Reglar for bruk av hytta  Bli medlem! * Bilete  *  Kart  *  Togtider 


© P. J. Mohn. Oppdatert: 10.02.2022